bokanalyse

Bokanalyse – Eksempel på analyse av boka “Naiv. Super.” av Erlend Loe

Leter du etter et eksempel på en bokanalyse? Da har du kommet til riktig sted. Her kan du finne et eksempel på analyse av boka “Naiv. Super.” av Erlend Loe.

“Naiv. Super.”

Erlend Loes andre roman, “Naiv. Super.”, kom ut i 1996. Med denne boka fekk Loews popularitet nye hogder, og boka må få ein stor del av æra for at han vart “oppdaga” av olket. I den følgjande analysen skal eg legge spesielt vekt på naivismen. Vil forfattaren berre vere naiv og underhaldande, eller prøvar han også å formidle eit alvorleg bodskap? I tillegg skal eg sjå litt på korleis forfattaren skriv, og kva slags verkemiddel han brukar.

Boka “Naiv. Super.” handlar om ei ung student, som slit med å finne meininga med livet, og eigen eksistens. Dråpen som får begeret til å flyte over, kjem på 25-årsdagen, då han tapar i crocket mot sin eldre bror. Han sluttar med studiane, sel TV-en og bøkene, seier opp avis- og telefonabonnementa og flyttar inn i leilegheita til broren, som for tida er på ei slags forretningsreise. Han byrjar å skrive forskjellige lister over kva han likar og ikkje likar, ting han har opplevd og dyr han har sett. Mange av desse listene faksar han til sin gode venn påp Bjørnøya. Innimellom les han ei bok som handlar om tid, som han har funne blant broren sine saker. Han går også til innkjøp av ein plastball og eit brio bankebrett. Desse tinga er til god hjelp med å fylle det meningslause tilværet. Etterkvart blir han kjent med ei seks år gammal gut som heter Børre, og det er takka vere denne vesle guten at han møter Lise – ei jente hovudpersonen kjem til å like veldig godt.

Ein dag får han ein faks frå broren, som inviterer han til New York. Hovudpersonen blir veldig usikker på om han skal ta i mot tilbodet. Etter mykje overtaling av både broren og Lise, går han med på å reise. I New York brukar han mykje tid saman med broren; dei kastar mellom anna frisbee og besøkjer New York Public Library. Hovudpersonen får til og med broren til å prøve bankebrettet. Etter kvart som dagane går, føler han seg betre, og kjem fram til at folk bør vere meir snille med kvarandre. På heimturen har han fortsatt ikkje funne meininga med livet, men han har komme fra til at livet ikkje er så ille. Han har fått meir perspektiv enn han nokon gong hadde våga å håpe på, og dessuten veit han at han har vener å komme tilbake til.

Setningsoppbygginga i denne romanen er veldig enkel. Loe bruker korter, enkle setningar i presens. Knapt ei linje i boka er skreve utan at orda eg eller meg er med. Listane hovudpersonen skriv, er særs sentrale. Hovudpersonen ramsar opp kva han har og kva han ikkje har, kor mange dyr han har sett, og kva han likar og ikkje likar. Nokre av listene sender han over faks til sine gode venn Kim, og det hender at vennen faksar liknande lister tilbake. Listene som hovudpersonen skriv, blir ein viktig del av den naivistiske framstillinga av livet hans. Ein journalist for “Aftenposten” (23. oktober 1996) roasar mellom anna listene til hovudpersonen skreiv i New York på denne måten; “..disse punktvise nedslag i New York gir et mer levende og morsommere bilde av et besøk i byen enn mangen bindsterk Manhattanroman.” Desse listene er også med på å gjere boka humoristisk, både fordi listene til tider blir heilt absurde, og forddi ein tidvis kan kjenne seg igjen i dei. Denne boka er i tillegg full av komiske eller ironiske kommentarar; og dei enkle setningane er med på å forsterke det barnlege. “Jeg har som sagt, en temmenlig god sykkel. Den har mange gir. Og dekk med store knaster. Jeg sykler hvor det skal være. Jeg er en råtass til å sykle.” I boka fins det og tilbakeblikk til den gongen hovudpersonen var liten, og slike sekvensar kan setningar som dette dukke opp: “En gang lekte jeg til jeg besvimte.”

Hovedpersonen i denne boka er skildra dynamisk, han går altså gjennom ei utvikling. I byrjinga av boka ønskjer han å finne meininga med livet, han funderer på korleis ting heng saman – og om dei i det heile teke gjer det. Desse tankane både forvirrar og uroar han, og han tek seg ofte i ønske at han aldri skal bli vaksen. Det at det er på 25-årsdagen hovudpersonen hamnar i identitetskrisa si, er også med på å forsterke påstanden om at han er redd for å bli eldre. Han prøver å halde fast på barndommen litt lenger, og mimrar derfor ofte tilbake til korleis alt var då han var liten. Det går så langt at går til innkjøp av både plastball og brio bankebrett, og han blir god ven med ei seks år gamal nabogut, Børre. Når uroa kjem over han, tek han fram bankebrettet eller får med seg faren på å gå nokre rundar rundt huset. Dette er aktivitetar som får han til å føle seg trygg og ubekymra, om enn for ei lita stun. Som Loe sjølv skriv det; “hvis jeg banker tilstrekkelig lenge, vil jeg kanskje oppnå en følelse av mening på så vel globalt som personlig plan.” Det at han byrjar å sette opp ulike lister, er med på å vise at han ønskjer struktur og orden over tilværet. Likevel klarar han ikkje å slutta å undre seg over livet, og han les mykje i ei bok som omhandlar universet og tida relativitet. Sjølv om denne boka verkar skremmande på han, gjer den tileigna kunnskapen at han sakte men sikkert føler han får meir kontroll over tida. Til slutt konkluderer han med at det ikkje fins noko tid i det heile teke. Etter kvart får han ein kjærast, noko som og er med på å få opp hovudpersonen si livsglede. New York-turen blir eit vendepunkt for han,  ikkje berre får han tid til å pleie brorskapet og venskapet med broren, han får også tid til å tenke og fundere på korleis alt heng saman. Etter kvart finn han att trua på livet, og han slår seg til ro med at nokre spørsmål er det umogleg å finne svar på.

Dei andre personane i boka har fått liten plass, noko som framhevar det faktum at historia handlar om enkeltmennesket. Det er vel mange som har vore i, eller kjem til å hamne i, ei krise lik den hovudpersonen går gjennom i denne historia. Mennesket vil vel alltid stille spørsmål og undre seg over livet vi lever her på denne planeten. Når hovudpersonen les i boka om tid, sett det ting i eit slik perspektiv at tilværet blir nærmast meiningslaust og enkeltmennesket uviktig. Seinare, når han og broren snakkar og har det triveleg saman, får vi på ny innblikk i det som kanskje var Loes bodskap når han skreiv denne boka. Sjølv om enkeltmennesket kanskje er uviktig i den store samanhengen, så er vel alle viktige for seg sjøl og dei som er nær dei?

Nokon vil ha det til at Loe skriv veldig naivt, og at bøkene hans ikkje er så mykju anna enn underhaldning og tidsfordriv. Men om man ser under den naive og enkle overflata, kan man sjå at Loe har eit tydeleg bodskap å kome med. Sjølv om Loe er ein flittig brukar av humor som virkemiddel, har denne boka svært alvorleg tematikk. Ein skulle kanskje tru at slike tema som Loe tek opp her, ville gjere boka trist og keisam. Men slik er det altså ikkje i dette tilfellet. Med denne boka har Loe bevist at den enklaste løysinga oftast er den beste.

I

Tilbake til hovedsiden

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *