Diktanalyse – Eksempel på diktanalyse av to dikt

Leter du etter et eksempel på diktanalyse? Da har du kommet til riktig sted. Under her finner du et eksempel på diktanalyse av diktene “Fanfare” og “Landskap med gravemaskiner” av Rolf Jacobsen.

Analyse av dikta “Fanfare” og “Landskap med gravemaskiner” av Rolf Jacobsen

Dikta “Fanfare” og “Landskap med gravemaskiner” er skrivne av lyrikaren Rolf Jacobsen (1907-1994), ein av dei første modernistane i norsk lyrikk.

“Landskap med gravemaskiner” er eit dikt med modernistiske trekk. Oppbygginga er, som i dei fleste modernistiske dikt, svært uregelmessig, og talet på verselinjer er ulikt i kvar strofe Ordstillinga er mange stader utradisjonell, og vi finn også mange ufullstendige setningar. “For badefugler. For de altfor kloke pelikaner.” er eksempel på dette. Dette diktet er heilt fritt for tradisjonelle rim og rytme, noko anna som er typisk for dikt skrivne i modernismen. Her er det naturen som fortel, den er eg-personen i diktet. I tillegg inneheld diktet mange storbyfenomen, slik som “gravemaskin”, “asfalt” og ekshaust”.

Modernistiske dikt har ofte mange språklege verkemiddel, og dette diktet er ikkje noko unntak. Vi kan seie at hele diktet er ei besjeling av gravemaskiner. “De svinger med kjeftene på lange skaft og har løvetann i munnvikene. De eter og spytter ut, spytter ut og eter..” Vi finn også eksempel på metaforbruk i diktet “…og kald sol….”

Motivet i dette diktet er korleis naturen opplever det å bli øydelagt av gravemaskiner. Det er tydeleg at forfattaren av dette diktet ikkje ser på den nye teknologien og utviklinga som noko positivt, og han prøver med dette diktet å få oss til å tenke meir på naturen. Eit mogleg tema i dette diktet kan altså vere korleis den nye teknologien påverkar naturen, altså forholdet og motsetningane mellom moderne vitskap og natur.

Det futuristiske diktet “Fanfare”, har i likskap med “Landskap med gravemaskiner”, ei uregelmessig oppbygging. Ordstillinga er utradisjonell, og vi finn verselinjer med berre eit ord, plassert litt utanfor resten av teksten. Eksempel på dette er “himlen”, “naglen” og “jernsider” i den andre strofa. Talet på verselinjer er og ulikt i dei ulike strofene. Den første strofa har fire verselinjer, den andre har sju og dei to siste strofene har to verselinjer kvar. Vi kan seie at diktet har ei “hvis-så-form”. I dei første strofene finn vi ei rekkje spørsmål (“hvis-forma”), slik som “Har du sett heisekranane løfte de snadrende jernnebb?” I dei to siste strofene får vi svar på spørsmåla; (“så-forma”) “Da har du sett krigens knitrende fane i luften!” I dette diktet finn vi, slik som i “Landskap med gravemaskiner” mange ulike storbyfenomen, slik som heisekrana, sleggjene og maskingeværa. Ein anna likskap med “Landskap med gravemaskiner” er at diktet er heilt fritt for rim og tradisjonell rytme.

Vi finn mange språklege bilete i dei to dikta. I “Fanfare” er spesielt besjeling mykje bruka. “Har du sett heisekranene løfte de snadrende jernnebb” og “Sleggens muntre sang” er eksempel på det. I tillegg har forfattaren bruka samanlikning, “Har du sett stålskjelettene folde seg ut på himlen som røde kniplinger i solskinn?”

“Fanfare”, er som nemnt tidlegare, eit futuristisk dikt. Diktaren har her bruka mange “plussord” saman med ord og setningar som vi ville oppfatta som negative elles. Eksempel på dette er “sleggens muntre sang” og “har du sett stålskjelettene folde seg ut på himlen som røde kniplinger i solskinn”. Dette er med på å gjere vår oppfatning av det aggressive og destuktive som positiv, noko som er typisk for futurismen.

Motivet i diktet er ei lovprisning av storbyen, og det fortel om korleis det moderne samfunnet har vorte. Eit mogleg tema i diktet er at vi bør fortsetje å byggje opp det moderne samfunnet vrt, fremgangen gjer oss sterke og gir oss ei kjensle av fellesskap i både krig og kvardag.

Begge desse dikta har klare modernistiske trekk. Oppbygginga er uregelmessig, dei har ikke tradisjonell rim og rytme og mange storbyfenomen er nytta. Dikta har også mange språklege verkemiddel. Den store forskjellen ligg kanskje i korlei den moderne vitskapen og utviklinga blir oppfatta i dei to dikta. I det futuristiske diktet “Fanfare” blir storbyen og krigen på eit vis lovprisa, og bunde til mange såkalla “pluss-ord”. Her viser diktaren at han sett pris på det destruktive og aggressive. “Landskap med gravemaskiner”, som er eit modernistisk dikt, må ha vorte skrive på ei anna tid. Her har forfattaren tydeleg skifta mening, og angsten til det moderne mennesket kjem betre fram. Vi får eit innblikk i konflikten mellom teknologi og natur, og det er tydeleg at Jacobsen her prøver å formidle ei negativ innstilling til den moderne teknologien.

Tilbake til hovedsiden

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *