essay

Essay – Eksempel på essay med tema “kroppsideal”

Leter du etter et eksempel på et essay? Da har du kommet til riktig sted. Her kan du finne et eksempel på et essay med temaet “kroppsideal”.

Kroppsideal og kroppsforakt – to sider av samme sak

Kroppsidealet i dag blir stadig meir og meir uoppnåeleg for oss vanlege folk. Vi skal berre bli tynnare og tynnare, ha former på dei rette tadene, kort sagt skal menneska i dag helst sjå ut som ei tynnare versjon av Barbie og Ken. Kven kan vi eigentleg stille til ansvar for desse ideala, og kva konsekvensar kan slike ideal gi?

Gjennom fjernsyn, ukeblader og film får vi dagleg påminningar om korleis den perfekte menneskekroppen skal vere. Frontfigurane i media blir berre tynnare og tynnare, og på tv er det vanskeleg å kome dersom du ikkje har en tre-årig modellkarriere bak deg. Media blir meir og meir fokusert på kropp for kvart år som går, og vi menneske kan ikkje unngå å bli påverka. Anten det gjeld ein reklame for zalo eller værmeldinga, er kroppen i søkjeljoset. Kroppen skal vere sylslank og høg med perfekte former, den har idealmål som folk flest berre kan sjå langt etter. At media er så kroppsfiksert må da få konsekvensar?

Dei kroppane som vi til dagleg ser i media, blir ofte ideal, og sia vi ser dei kvar dag, kan desse kroppana snøgt bli det vi ser på som det normale. Folk er etter måten lettpåverkelege, og kanskje da spesielt tenåringsjenter. Dette er tida dei fleste føler seg mest usikker på seg sjølv, tida dei strevar mest etter det perfekte. Og når dei ser det tilsynelatande perfekte livet til dei tynne og pene jentene i media, er det lett å tru at det same vil skje med dei sjølv berre dei får den perfekte idealkroppen. Nokre av dei reagerer med å slutte å ete, dei regelrett svelt, alt for å kome nærare kroppsidealet. Andre igjen kastar opp att næringa dei har fått i seg fordi dei føler skuld for å ha ete nokre kaloriar for mykje. Tenåra er som kjent den tida kroppen veks og utviklar seg mest, og såleis er det nok og den tida kroppen treng mest næring. Anoreksi og bulimi er begge svært farlege sjukdomar, nokre gonger til og med dødelege. Det finnest nok av doktorar som kan hjelpe, men det  hadde vært bedre å gå til rota av problemet og fått dei som arbeider innan media til å kutte ut dei kroppsfikserte innslaga.

Alle dessse menneska som vi ser i media kvar einaste dag, har altså lett for å bli ei mal for korleis menneska skal sjå ut. Er denne malen verkeleg realistisk, er det i røynda naturleg for eit menneske å sjå slik ut? Det er eit faktum at fleirtalet av desse ideala våre ikkje hadde sett slik ut dersom naturen hadde fått gått sin gang, dei fleste av desse har sannsynlegvis betalt høge rekningar til plastisk kirurg både ein og fem gonger. Dei perfekte formene er i realiteten resultat av feittsuging og silikon, den glatte og perfekte huda skuldast ofte dyre andletslyftingar. I tillegg har dei profesjonelle sminkørar som har utdanning i å sminke bort alle “feil” som ikkje passar inn i idealmalen. Kor mange av dei kvardagslege menneska er det som kan ta seg råd til slike ting, kor mange er det som har naturlege forutsetningar til å passe inn i denne idealmalen? Dei fleste menneske er dømt til å mislukkast, av di at malen rett og slett ikkje er naturleg! Frå naturens side er det ikkje meininga at alle skal vere like, sjølv om mange menneske gjør alt for å sjå ut som sitt ideal. Slankehysteri, trim og vektløfting ser ut til å bli ei stadig viktigare del av kvardagen.

Man kan spørje seg om dei som skapar ideala er klare over si eiga makt, om dei er klar over kor stor påverknad  dei i røynda har på oss menneske. I idealrolla ligg det eit tydeleg ansvar, og det gjeld å vere sin egen rolle bevisst.

Sjølv om media spelar ei viktig rolle, for å ikkje seie ei hovudrolle, i korleis idealmenneske har utvikla seg, finst det ein annan såkalla syndebukk. Moteskaparane har alltid hatt sitt å seie når det gjeld korleis vi menneske skal sjå ut og kle oss. Storleiken på kleda er ikkje lenger slik den ein gong var. I dei mest ekstreme tilfella svarar den gamle storleiken “small” til den nye storleiken “large”, Storleiken på kleda minker, og det er lett for folk å tru at det dei sjølv som har lagt på seg. I media har det til og med vore tal om produsentane for eit populært motemerke med vilje forminskar storleikane sine, av den årsaka at dei ikkje vil at det skal vere mogleg for såkalla “overvektige” å bruke merket deira. Dette er ei utvikling som så absolutt burde gi grunn til ettertanke. ER det rart at det skal så lite til for å bli stempla som overvektig no til dags?

I idretten står også strevet etter å få idealkroppen veldig sterkt. Mange idrettsmenn får hjelp av ulovlege preparat for å kome seg på toppen av sigerspallen,, og ikkje alle preparata er like enkle å spore opp. Det finst eksempel på sprintarar og kastarar som nyttar veksthormon som gjer at musklar og skjelett byrjar å vekse unormalt fort. Andre brukar preparat som aukar oksygenopptaket, og slik er det mogleg for dei å betre tida si på 10000 meter med både eitt og to minutt. Biverknadane til desse stoffa er sjeldan årsak til bekymring. Vegen til suksess er viktigare.

Ein kan spørje seg om kvar tankane om indre eigenskapar og personlegdom har gøymt seg i alt dette maset om kropp og venleik. Vil strevet  etter den perfekte kroppen til slutt gå så lang at vi gløymer at venleik også kan finnast i det indre av eit menneske? Personlegdom og utstråling er vel så viktig som kroppsleg venleik, med dette fokuserer media lite på. Kanskje det snart er på tide å bytte ut kroppsidealet mot eit  ideal for personlegdom?

Media og klesprodusentar er nokre av de største påverknadskreftene vi har i samfunnet i dag. Sjøl om ideala som skapast ofte er både unaturlege og uoppnåelege, vil vi menneske prøve å passe inn i malen så godt vi kan. Resultatet blir ofte kroppsforakt. Nokre får også alvorlege sjukdomar som anoreksi og bulimi. Toppidrettsutøvarar har også som mål og få den perfekte kroppen, og nokon brukar ulovlege preparat som forandrar kroppen for å få suksess. Er det slike ideal vi vil ha? No er det på tide at media og moteskaparar tenkjer over konsekvensane til handlingane sine!

I

Tilbake til hovedsiden

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *