novelle

Novelle – Eksempel på novelle med tema “kjærlighet”

Leter du etter et eksempel på en novelle? Da har du kommet til riktig sted. Her kan du finne et eksempel på en kort, nynorsk novelle som har temaet “kjærlighet”.

Kjærleik for alltid

Han står ved vindauget.

Ute er det mørkt, og det er vanskeleg å skjelne noko ut fra skuggane. Månen står høgt på himmelen, og speglar seg i den kalde og strie elva. Han sukkar tungt, og lukkar augo. Minna strøymer på.

Det er omtrent to månader sia det skjedde no, men han kan framleis sjå det likbleike andletet hennar klart framfor seg, han kan framleis kjenne den kalde handa hennar i si. Han hadde stått som ei skugge ved senga hennar, han hadde håpa, bedd, lova ho at alt skulle bli bra. Det løftet hadde han ikkje klart å halde.

Dei fyrste dagane etter bisettinga klarar han ikkje å skilje frå kvarandre. For det meste hadde han sitte på kyrkjegarden, framfor grava hennar. Han hadde ikkje gitt seg sjølv lov til å verken tenkje, føle eller tala med nokon om det. Han ønska berre å vere ei tilskodar til sitt eige liv, han ville berre sitte utanfor og sjå på at såra hans lega. Vere usårleg.

Venene hans hadde prøvd alt dei kunne for å få han med på ting. “Livet går vidare” hadde dei sagt, og før han visste ordet av det, hadde dei plassert ei børse på ryggen hans, og drege han med seg ut i skogen. Venene hans hadde prata slik dei alltid gjorde, og dei hadde krangla om kven som hadde skote den største kronhjorten. Dei hadde oppført seg som  om ikkje noko hadde skjedd, som ho aldri hadde levd. Dei skjøna ikkje at det aldri kunne bli slik det hadde vore.

Det var etter jaktturen at han hadde låst seg inne i huset sitt. Presten hadde kome på besøk og prøvd å tale med han, prøvd å få han til å tenke på himmelen og freda i sjela han ville få om han vende seg til Gud. Han hadde bedt presten om å gå heim att. Det var for seint å be no, hadde Gud ønska å hjelpe han, hadde han gjort det for lenge sia. No var ho borte.

Han vil ikkje tenkje meir på dette. Sakte går han bort frå vindauget og legg seg i senga si. Han har ikkje tenkt å sova, berre kvile litt. Draumane skremmer han.

Han går i skogen. Det er vår, lufta er mild og fuglane syng vakkert. Ved nokre steinar ved elva står det ei kvinne. Ho er svært ven, med langt, lyst hår og grøne, store auge. Ho verkar annleis enn alle dei andre kvinnene han har sett, meir mystisk. Umenneskeleg på ein måte. I handa held ho ei gullflaske, som rekkjer bydande fram mot han. “Drikk, min ven” kviskrar ho. “Drikk, og du skal gløyme kona di.” Stemma hennar er lokkande, og han tek tvilande i mot gullflaska. “Drikk, min ven” kviskrar ho igjen. “Drikk, og såra dine vil lækjast, drikk, og du vil gløyme alt..” Han stirrar ned på flaska. Er det verkeleg det han vil? Gløyme ho?

I det han høyrer plasket frå flaska som han har kasta i elva, vaknar han med eit rykk. Minna frå draumen strøymer på, og fyller han med ei merkeleg blanding av smerte og håp. For første gong på desse månadene kjenner han tårene trille nedover andletet, og han hulkar høgt. “Eg vil aldri gløyme deg.” kviskrar han stille, i det sola stig opp mellom fjelltoppane.

Tilbake til hovedsiden

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *